Talg av storfe
Talg av storfe
Glas med rensa talg til steiking, baking og fritering. Talget er frå våre eigne økologiske og grasfôra dyr, og frå nøye utvalde gardar i nærmiljøet vårt.
Talg er fantastisk til steiking, baking og fritering, og er særs næringsrikt. Talg er rikt på omega 3-feittsyrer og inneheld vitamin A, D, K og E.
Rensing av talg er ein tidkrevjande prosess. Me gjer alt for hand, og renser talget fleire gonger for at det skal bli heilt reint. Resultatet er eit nydeleg, stabilt feitt. Talg tåler høg varme, og egnar seg særs godt til både steiking og fritering. Drikk du kraft som del av ditt daglege kosthald, vil ei skei med talg gjere krafta ekstra næringsrik.
Talget kan du også bruke til å lage din heilt eigen hudpleie!
HANDLAGA PÅ EEN GARD: Een gard på Voss er familiegarden vår, og her har me halde til i generasjonar. Garden er økologisk, og me driv etter regenerative prinsipp og med fokus på dyrevelferd. I tillegg til hudpleieserien vår, Symre, sel me økologisk kjøt og handlaga produkt med råvarer frå inn- og utmark. Vårt mål er å tilby varer av høg kvalitet med lokale ingrediensar, og bidra til levande landbruk og levande bygder!
INNHALD: Talg
PRODUKSJONSDATO: 8/1-2025
BEST FØR, MEN LIKE GOD ETTER: 8/1-2026
Share
Meir om Ingrediensane
Meir om Ingrediensane
Alle våre kremer er basert på talg – fordi det har fantastiske eigenskapar innan hudpleie og fordi det er ein ressurs frå vår eigen gard me ønsker å bruke.
Talget er frå vår eigen økologiske gard, Een gard, eller frå Selheim gard på Voss. Talget er frå grasfôra dyr, og på begge desse gardane har me stort fokus på dyrevelferd.
Tistelolje er ei av dei baseoljene me bruker mest. Denne kjøper me hjå NEO (Norske eteriske oljer) Folgerø. Dette er den einaste produsenten av eteriske oljer i Noreg! Les meir her: https://www.neofolgeroe.no/historie
Me kjøper også enkelte av dei eteriske oljene våre hjå Neo Folgerø.
Andre oljer kjøper me hjå Sunvita og Aromateket.
Dei aller fleste ingrediensane me kjøper er økologiske, så sant det er mogleg å få tak i dette.
Alle plantar me haustar i inn- og utmark er frå vår eigen økologiske gard.
Korleis bruke kremen
Korleis bruke kremen
Bruk veldig lite om gongen og smør på. Kremen trekker godt inn. Kjennes kremen for feit og legg seg som eit lag på huda, så har du brukt for mykje. Prøv med litt mindre neste gong.
Eit tips for dei som slit med ekstremt tørr hud, sår og sprekker er å smørje seg ofte. Smør gjerne litt ekstra på huda før du legg deg om kvelden.
Kremen bør oppbevarast i romtemperatur.
Frakt
Frakt
Fast frakt – 69 kr.
Fri frakt ved kjøp over 1500 kr.
Alle pakker blir sendt med Bring etter 3–4 virkedagar.