Hopp til produktinformasjon
1 av 5

Symrehudkrem

Minipakke til barnehage og skule med universalkrem & handkrem

Minipakke til barnehage og skule med universalkrem & handkrem

Vanlig pris 398,00 NOK
Vanlig pris Salgspris 398,00 NOK
Salg Utsolgt
Avgift inkludert. Frakt beregnes ved kassen.

Det er så mange av dykk som har etterspurt mindre bokser til universalkrem og handkrem, og her er dei endeleg! Praktiske små boksar på 30 ml – perfekt til å ha i lomma, veska eller i sekken på tur no i haust. 

Pakke perfekt til å sende med i barnehage og skule, eller jobb i haust.

PAKKA INNEHELD:

Universalkrem med mynte 30 ml  Denne kremen kan brukast til heile kroppen! 

❄️ Bruk den som kuldekrem

💚 Bruk den som ein ekstra næringsrik ansiktskrem og kroppskrem ved tørr hud

🍁 Me har fått mange gode tilbakemeldingar på at denne er ekstra god ved eksem og andre hudproblem

🌿 Smør den på muskelsmerter/verk

🤧 Smør den under nesa ved forkjølelse

+

Handkrem med furunålolje 30 ml er ein mjukgjerande og næringsrik handkrem. Særs god til tørre og sprukne hender. 

⭐️ Ikkje bruk mykje om gongen – du kjem langt med lite

🍁 Har du ekstra tørre hender? Eit tips er å smørja eit ekstra godt lag med handkrem på tørre hender like før leggetid. Då får det trekke godt inn i huda over natta

 


Meir om Ingrediensane

Alle våre kremer er basert på talg – fordi det har fantastiske eigenskapar innan hudpleie og fordi det er ein ressurs frå vår eigen gard me ønsker å bruke.

Talget er frå vår eigen økologiske gard, Een gard, eller frå Selheim gard på Voss. Talget er frå grasfôra dyr, og på begge desse gardane har me stort fokus på dyrevelferd.

Tistelolje er ei av dei baseoljene me bruker mest. Denne kjøper me hjå NEO (Norske eteriske oljer) Folgerø. Dette er den einaste produsenten av eteriske oljer i Noreg! Les meir her: https://www.neofolgeroe.no/historie

Me kjøper også enkelte av dei eteriske oljene våre hjå Neo Folgerø.

Andre oljer kjøper me hjå Sunvita og Aromateket.

Dei aller fleste ingrediensane me kjøper er økologiske, så sant det er mogleg å få tak i dette.

Alle plantar me haustar i inn- og utmark er frå vår eigen økologiske gard.

Korleis bruke kremen

Bruk veldig lite om gongen og smør på. Kremen trekker godt inn. Kjennes kremen for feit og legg seg som eit lag på huda, så har du brukt for mykje. Prøv med litt mindre neste gong.

Eit tips for dei som slit med ekstremt tørr hud, sår og sprekker er å smørje seg ofte. Smør gjerne litt ekstra på huda før du legg deg om kvelden.

Kremen bør oppbevarast i romtemperatur.

Frakt

Fast frakt – 69 kr.

Fri frakt ved kjøp over 1500 kr.

Alle pakker blir sendt med Bring etter 3–4 virkedagar.

Vis alle detaljer

Customer Reviews

Based on 1 review
100%
(1)
0%
(0)
0%
(0)
0%
(0)
0%
(0)
A
Ann-Therese
Symre har dei beste kremene til heile kroppen

Samme hvilken krem jeg prøver hos dere så er jeg like fornøyd.