Fjellbit Rein
Fjellbit Rein
Fjellbit Rein, heimelaga håndsåpe med talg av villrein og einer
Få reine hender og mjuk hud med Fjellbit si heimelaga håndsåpe med talg og einer – ei naturleg og allergivenleg såpe heilt utan kunstige tilsetjingsstoff.
Den heimelaga såpa er laga av naturlege ingrediensar i Skjåk av lokale fagfolk frå Skjåk med hjarte for naturlege produkt som gjer godt for kroppen.
Alle såper frå Fjellbit i Skjåk er håndlaga, og ingen såpestykker er 100 % like. Talgsåpa Rein inneheld ingen parfymer eller essensielle oljer, noko som gjer at såpestykka luktar kun naturleg såpe. Såpene passar av den grunn godt for både ung og gamal, kvinner og menn.
SÅPA INNEHELD EI REKKE GODE INGREDIENSAR:
Bli naturleg rein med Fjellbit Rein – ei naturleg, allergivenleg og miljøvenleg talgsåpe med 100 % naturlege ingrediensar.
Den milde håndsåpa kan fint nyttast til heile kroppen.
Før kokte alle si eiga såpe, og det er lange tradisjonar i å bruke talg til såpe på gardane rundt omkring. Talg er svært næringsrik, og inneheld blant anna mange vitamin som er bra for huda. Feittsyrene trekker lett inn i huda di utan å tette porene. Oljene i talgsåpa gjev fukt og pleie til huda.
Den håndlaga såpa blir produsert i fjellbygda i Sjåk, på heimgarden til Fjellbit-gründer Ragnhild. Talgen kjem frå villrein frå Breheimen som ligg tett opp ved garden, og eineren blir plukka i skogen rundt. Einer er kjent for sine reinsande eigenskapar.
KORLEIS BRUKE SÅPA:
Brukes til handsåpe, fukt såpa i rennande vatn og smør den på hend
ene, skyll av med lunka vatn. Såpa kan også nyttast som kroppssåpe og ansiktsåpe, då bruker ein den på samme måte som til hendene, eller ein kan ta såpe på ein vaskeklut.
Faste såper som dette treng å tørke mellom kvar gong dei er i bruk. Legg difor gjerne såpa luftig på ei god såpeskål, rist eller liknande etter bruk. Dette gjer at du har glede av den håndlaga såpa di i lang tid.
INNHALD INCI:
Tallow, Olea Europaea Oil, sodium cocoate, adeps cervidae (deer fat), Canola oil, Juniperus communis.
INNHALD PÅ NORSK:
Olivenolje, kokosolje, talg fra reinsdyr, einer plukka lokalt i sjåk.
PRODUKTFORDELAR:
- Mild og skånsom for huda
- 100 % naturlege ingrediensar
- Lokalt sanka urter
- Talg frå lokale dyr
- Allergivenleg
- Miljøvenleg
- Gjev ekstra fukt til tørr hud
- Kan brukast av alle – uansett alder
- Kortreist produkt frå norsk småskalaprodusent
- Dryg såpe som du har glede av lenge
Vekt: ca 100 gram
Share
Meir om Ingrediensane
Meir om Ingrediensane
Alle våre kremer er basert på talg – fordi det har fantastiske eigenskapar innan hudpleie og fordi det er ein ressurs frå vår eigen gard me ønsker å bruke.
Talget er frå vår eigen økologiske gard, Een gard, eller frå Selheim gard på Voss. Talget er frå grasfôra dyr, og på begge desse gardane har me stort fokus på dyrevelferd.
Tistelolje er ei av dei baseoljene me bruker mest. Denne kjøper me hjå NEO (Norske eteriske oljer) Folgerø. Dette er den einaste produsenten av eteriske oljer i Noreg! Les meir her: https://www.neofolgeroe.no/historie
Me kjøper også enkelte av dei eteriske oljene våre hjå Neo Folgerø.
Andre oljer kjøper me hjå Sunvita og Aromateket.
Dei aller fleste ingrediensane me kjøper er økologiske, så sant det er mogleg å få tak i dette.
Alle plantar me haustar i inn- og utmark er frå vår eigen økologiske gard.
Korleis bruke kremen
Korleis bruke kremen
Bruk veldig lite om gongen og smør på. Kremen trekker godt inn. Kjennes kremen for feit og legg seg som eit lag på huda, så har du brukt for mykje. Prøv med litt mindre neste gong.
Eit tips for dei som slit med ekstremt tørr hud, sår og sprekker er å smørje seg ofte. Smør gjerne litt ekstra på huda før du legg deg om kvelden.
Kremen bør oppbevarast i romtemperatur.
Frakt
Frakt
Fast frakt – 69 kr.
Fri frakt ved kjøp over 1500 kr.
Alle pakker blir sendt med Bring etter 3–4 virkedagar.