Er du klar for haust?

Er du klar for haust?

Hausten er her, og me er klar for kaldare dagar! Mange opplever at kaldare luft gjer huda tørrare. Då kan det vera på tide å endre litt på hudpleie-rutinane for å gje huda meir fukt og næring!

 

Her får du nokre gode tips av Tonje for å ta vare huda utover hausten:

 

  • 🍁 Bruk ein næringsrik og fuktigheitsgivande ansiktskrem om dagen
  • 🍁 Vurder å bruke nattkrem i tillegg  
  • 🍁 Vask ansiktet med vatn eller kun ein mild rens. Sjølv bruker me naturleg talgsåpe eller sauemjølkssåpe, som ikkje bidreg til å gjere huda tørr.
  • 🍁 Bruk kremar som gir nok næring og fukt. Hugs at mange kremar faktisk har eit veldig høgt innhald av vatn. Vatn gjer kremen lett og smidig å påføre, men dette er fyllstoff (og juks!) Pass på at du betaler for krem med gode ingrediensar, ikkje for vatn.
  • 🍁 Lepper og hender treng gjerne også litt ekstra pleie no utover hausten.
  • 🍁 Om du har veldig tørre hender, så anbefaler me å smørja hendene med eit ekstra godt lag med handkrem på kvelden. Då får det trekke godt inn over natta.

 

Tonje sin haustfavoritt er leppepomade med ryllik & mynte

Talgbasert hudpleie er perfekt for hausten!

Tar me ein grundigare kikk på innhaldet i talget, forstår me kvifor dette er den perfekte ingrediensen i hudpleie! Og ikkje minst kvifor talgbasert hudpleie er eit fantastisk utgangspunkt for frisk og strålande hud i haust 🍁

 Talg inneheld:

  • Palmitinsyre er ei metta feittsyre som er mykje brukt i hudpleie. I talget finst altså denne naturleg. Palmitinsyre finst også naturleg i huda vår. Talg er særs rik på palmitinsyre – som gir ei beskyttande barriere på huda og som gjer huda mjuk. Palmitinsyre beskytter huda mot ytre påvirking. Huda vår inneheld mindre palmitinsyre etterkvart som me vert eldre. Då kan talgbasert hudpleie hjelpe godt.
  • Glyserid (i kjemisk forstand er feitt glyseridar) – fuktigheitsbevarande og gjer huda mjuk og elastisk.
  • Stearinsyre og oljesyre er feittsyrer som me finn på det ytterste laget av huda vår og i kroppen sin eigen talgproduksjon. Dei bidreg til å gi eit beskyttande lag på huda, og gjer den mjuk og smidig. Dei kan også ha ein anti-inflammatorisk effekt. Stearinsyre i hudpleie kan hjelpe til å betre huda sin beskyttelsesbarriere, medan oljesyra hjelper ulike næringsstoff med å trekke inn i huda.
  • Essensielle feittsyrer linolensyre (omega-3-feittsyre) og linolsyre (omega-6-feittsyre). Bidreg til å halde huda smidig og sunn, og hindrar fukt-tap. Kan også ha anti-inflammatoriske og antibakterielle eigenskaper. Me brukar talg frå grasfôra dyr (ikkje bruk av kraftfôr), og studiar viser at kjøt/feitt frå grasfôra dyr inneheld ein betre balanse mellom omega-3 og omega-6.
  • Til liks med andre animalske produkt inneheld talg dei feittløyselege vitaminane A, B, D, E og K, som gir næring til huda vår.

 

 

Gode hausttilbod!

🍁 Me har sett saman nokre gode pakketilbud til haustpleie! 🍁

 🍂 Ansiktspleie haust 🍂

Gå hausten i møte med denne herlege haustpakka frå oss i Symre! Gi ansiktet ditt god eigenpleie no som dagane vert kaldare – med naturlege ingrediensar!

Pakka inneheld:

Vår nydelege ansiktskrem med ringblomst og lavendel som passar for alle hudtypar, men er særskilt god for tørr og sensitiv hud. Kremen er mjukgjerande og næringsrik.

+

Sminkefjerner & augebalsam er alltid godt å ha! Fjerner sminke raskt og effektivt – både vanleg maskara og vannfast maskara. Den skal ikkje vaskast av, og etterlet huda fin og smidig. Denne er også ein utruleg næringsrik krem, som passer perfekt som augebalsam. Smør litt under augo kvar kveld. No utover hausten kan denne også veldig fint brukast som nattkrem til heile ansiktet, om huda treng litt ekstra næring. Augebalsamen vår inneheld den unike samansetninga av næringsrikt talg og squalane. Squalane er utvunne av olivenolje og gjer huda silkemjuk! Squalane er fuktigheitsbevarande, beskyttande og regenererande. 

+

Leppepomade med ryllik og peppermynte er vår absolutte haustfavoritt. Ein merker det fort når dagane vert kaldare utover hausten, at også leppene treng litt eigenpleie. Symre leppepomade med ryllik & peppermynte er mjukgjerande og god for tørre og såre lepper. Talg gjer leppene mjuke og gir næring og fukt. Ryllik er ein gamal medisinplante med fantastiske eigenskaper, som mellom anna har ein rensane, såhelande og antiseptisk effekt på huda. Leppepomaden kan ha god effekt ved utbrot av munnsår og lindrar rifter og sår på munnen. Leppepomaden har frisk smak av mynte & honning.

 

🍁 Skogspakke 🍁

🌲 Me i Symre er glad i skogen. Hausten er tida me nyttar mest i skogen, med bærplukking, soppsanking, eller rett og slett berre nyte roen naturen gjer oss. 

Her får du ei skogspakke frå oss 🌲

 

Pakka inneheld:

Kroppskrem med gran, einer og begamot gir ei nydeleg lukt av skog! Denne kremen kan brukast til heile kroppen! Lindrande etter barbering av ansikt, leggar, lår. Gir masse fukt og næring som trekker djupt inn og varer.

+

Symre handkrem (30 ml) med furunålolje er ein mjukgjerande og næringsrik handkrem. Særs god til tørre og sprukne hender. Kremen er like god til sprukne arbeidsnevar frå mange timar i praktiske yrker, som til verkande hender etter mange timar bak tastaturet. Kremen har ein frisk aroma av furunål.

SKOG duftlys er laga med talg frå garden vår og frå andre nøye utvalde gardar i nærområdet vårt. I tillegg inneheld det litt bivoks og eterisk oljeblanding med duft av norsk skog. Den eteriske olja er laga av ein liten produsent i Kragerø – den einaste produsenten av eteriske oljer i Norge. 

 

 

 


🍂 Hausten si apotekpakke 🍂

Ei fin pakke hudpleie til heile familien 💚 Milde kremar og leppepomadar som kan brukast av både liten og stor.

Pakka inneheld:

Universalkrem med mynte som kan brukast av heile familien. Den er god som nattkrem, til muskelsmerter på såre bein og til å smøre under nesa ved forkjølelse. Og den er ein veldig god krem til å sende med dei minste barna i barnehage og skule – gir god beskyttelse til små barnekinn.

Leppepomade med ryllik & mynte inneheld uttrekk av ryllik som er ein gamal medisinplante med fantastiske eigenskaper, som mellom anna har ein rensane, såhelande og antiseptisk effekt på huda. Dette er ein leppepomade som kan lindre godt ved utbrot av munnsår eller rifter, sår på munnen – kan ha god og lindrande effekt.

Handkrem med furunålolje er ein mjukgjerande og næringsrik handkrem. Særs god til tørre og sprukne hender, med mild lukt av furu.


Symre kløsalve lindrar småsår, gnagsår og rifter i huda. Den er ekstra god på småsår og rifter som klør mens dei gror. God å ha med i sekken på fjelltur, skitur og telttur til alle årstider. Den er veldig dryg i bruk og tar liten plass i sekken eller i lomma. Ei salve til heile familien, og eit must i husapoteket! Kundane våre melder også tilbake til oss at salva er veldig god mot eksem/tørr hud, og at den ikkje svir ved påføring.

 

Desse og mange andre gode haust-tilbod finn du her!

 

 

 

 

Tilbake til bloggen